"Det var ein gong..."

Bli med på spennande eventyrstund i eit av dei gamle husa på museet.

 

Her får barna høyre om korleis det var å leve i ei slik stue for lenge, lenge sidan. Så fortel vi eventyr. Vi formidlar ulike folkeeventyr og fortel utan bok. Ønskjer dykk eit utvida opplegg legg vi tilrette for aktivitetsløype, teiknebord, potetkakebaking.