Om oss

Frå september 2019 vart Stiftinga Sunnmøre museum, saman med stiftingane Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet, ein del av det nye regionsmuseet. I juni 2021 fekk organisasjonen navnet Viti. Viti er det norrøne namnet for “vete” og tyder kveik, teikn, varde og å ha kunnskap. Namnet seier noko om tradisjonen vi ber, kva vi er og kva vi skal vere for samfunnet rundt oss i framtida. Namnet Viti er namnet på stiftinga, og arenanamna kjem i tillegg til organisasjonsnamnet.

Vi er no i prosess med arbeidet om felles nettside for alle arenaene tilhøyrande Viti, med lansering 27. august. Målet er å bli endå meir synleg for deg som publikum. I påvente av ny nettside finn du fortsatt oppdatert informasjon om arrangement, nyheiter og anna på noverande heimesider. Klikk deg også inn på sidene til Kulturkvartalet og Folkemusikkarkivet.