Møbelvandring i Sykkylven

 
20/6 og 15/8, kl 13:00-16:00
MØBELMUSEET
Sykkylven er kjent som Norges møbelhovudstad. Her ligg fleire av dei største norske møbelindustribedriftene, og ein stor del av interiøret som har vore i norske heimar dei siste tiåra har vore laga i denne kommunen. Det gjeld mellom anna fjernsynsstolen framfor nokon, Stressless-stolen til Ekornes.

I år er det 50 år sidan stolen vart lansert. Dette vert markert med to utstillingar i Sykkylven. Møbelmuseet i Storgata får du sjå korleis kvilestolen har utvikla seg frå dei første modellane kom i 1971, til dagens modellar.

Berlihuset og Berliparken vert dagens Stressless-kolleksjon presentert i full breidde. Du vil bli overraska når du ser variasjonsrikdomen i kolleksjonen som skal tilfredsstille behovet for kvile og avkopling for ulike menneske over heile verda.

Den velhaldne sveitservillaen på Berlihaugen midt i kommunesenteret er vel verdt eit besøk i seg sjølv. Etter turen inne, kan du setje deg ned i Berliparken og nyte innhaldet i møbelmontrane som står der.

Galleri Cylindra held til i den eldste møbelfabrikken i Sykkylven, Tusvik Møbelfabrikk, som vart etablert i 1911. Vert på galleriet er tredje generasjon fabrikkeigar, Kjellbjørn Tusvik. Det er Peter Opsvik sine Cylindra-produkt som har gjort galleriet kjent og beundra over heile verda. Ta ein tur til galleriet og opplev produkt med grenseoverskridane former. Lat deg fascinere av skap med namn som Lidenskap, Kunnskap, Klokskap og Fellesskap.

Utstillingane har felles opningstid: onsdag, torsdag, fredag, søndag frå 1200 til 1600 i perioden 20.6. til 15.8. Elles etter avtale.

Fellesbillett for alle arenaene kr 150,- for vaksne over 16 år. Born gratis.

Meir info på www.sykkylven.com