Haltenbanken skal designe ny utstilling på Sunnmøre Museum 

Arbeidet med ny basisutstilling på Sunnmøre Museum er i full gang, og museet har no inngått avtale med det Bergensbaserte designbyrået Haltenbanken.

 

Utstillinga skal formidle sunnmørshistoria på ein ny måte, og særleg rette fokus på forholdet mellom natur og menneske. Haltenbanken har mykje erfaring frå større museumsprosjekt, mellom anna Naturhistorisk museum i Bergen. Sissel Falch og Silje Tombre i Haltenbanken har besøkt museet og hatt første arbeidsøkt med prosjektgruppa. «Vi syns det er spennande å få eit oppdrag her på Sunnmøre, og vi likar utfordringa museet har gitt oss med å satse mot ungdom. Det er både utfordrande og veldig gøy!», seier Sissel Falch. 

«Vi gler oss til å formidle Sunnmøre si mangfaldige samtid og historie til publikum, og vi er glad for få Haltenbanken med på laget. Vi håper utstillinga skal bli ein spanande møteplass og ein ny attraksjon for publikum" seier Cecilie Rørstad, prosjektleiar ved Musea på SunnmørePlanen er å opne utstillinga i 2022. 

 

Administrerande direktør for Musea på Sunnmøre, Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, skriv under avtalen med designbyrået Haltenbanken ved Sissel Falch. Silje Tombre (Haltenbanken) og Cecilie Rørstad er vitner.  

Foto: Ingvil E. Grimstad / Musea på Sunnmøre