YTSTE SKOTET, STORDAL

Undervisning

Ytste Skotet er ein ypparleg arena for å formidle viktige tema til barn og unge: lokalhistoria og kulturarv, miljøspørsmål og korleis bruk av naturen kan vere naturvern. Historia skaper identitet, og gjennom å følge levesettet til ein sjølvbergingsgard kan ein dra parallellar til andre lokalsamfunn, kulturar og levesett. Samtidig ynsker vi å gi unge minner for livet. Her er det tid til å være i lag, leike og springe utan moderne forstyrrande teknologi.

 

Klassetur til Skotet passar best for 6.-8.klassetrinn og opp til 28 elever i gangen. Vi anbefala eit tredagars opplegg, men ein kan bestille for to dagar (ei overnatting) også. Vi har opent frå mai til oktober. Pris for to dagar er 500 kr per elev og for tre 750 kr. I tillegg kjem båtskyss med ekstern sertifisert skyssbåt (Troll Cruisers) 250 kr per elev.

For meir informasjon ring 97508300 for spørsmål eller bestilling.

Vi er også tilgjengelige på epostadressa: kirsi@sunnmore.museum.no

MEIR OM YTSTE SKOTET, STORDAL