YTSTE SKOTET, STORDAL

Kulturlandskap

Ytste Skotet er kjent for å ha et rikt og variert kulturlandskap, både med tanke på kulturhistorisk og biologisk verdi. Innmarka blir skjøtta etter tradisjonelle prinsipp og har rik flora med mange typiske kulturmarkplantar. Også i utmarka finst mange naturtypar som er knytte til tradisjonell gardsdrift, for eksempel slåttemyra og haustingsskog.

 

Som museum ser vi de gamle slåttemarkene som levande kulturminne som tidligare var det berande elementet i produksjonen på garden. Slåttemarkene illustrerer historia og korleis menneska har levd før. Vi syns det er viktig å ta vare på dei gamle naturtypane på lik linje med fysiske gjenstandar og bygningar. Slåtteenga og slåttemyra på Ytste Skotet er registrert i Naturbase med A-prioritet. Dette betyr at enga og myra har ein nasjonal verdi som slåtteeng på grunn av stort biologisk mangfald. På slåttemyra Gjerdå finns det for eksempel solblom, som er ein av dei trua artane på raudlista. Vi har utarbeidd egne skjøtselsplanar for både slåtteengene på innmarka og for slåttemyra i utmarka.

Til skjøtsel av dei trua naturtypane får vi tilskot frå Miljødirektoratet, men mykje av arbeidet blir gjort på dugnad. Slåtteveka den andre veka i august er eitt av årets høgdepunkt. Vi slår, hesjar og tørkar så mykje som mogleg av graset på slåtteengene. Mykje av slåtten blir gjort med tradisjonelle metodar og reiskap. Slått og generell kulturlandskapspleie er viktige element i formidling til skuleklasser og andre gjester.

Slåttemyra Gjerdå
På Skotet har vi ei av dei få artsrike slåttemyrene som er igjen i heile landet. I gammal tid, truleg lenge før Svartedauden og nesten fram til vår tid, spela myrane ei viktig rolle som slåttemark i Noreg. Ettersom myrane vart slått, utvikla slåttemyrane seg til ei helt eiga form for kulturlandskap, som i dag er ein av de sjeldnaste og mest artsrike naturtypar vi har.

Slåttemyra Gjerdå oppe i Skotsdalen omfattar nesten 40 dekar. Myra blei slått heilt fram til slutten av krigen i 1945. Nedste delen av myra har blitt slått kvart år og øvste delen kvart anna år. Høyet vart tørka på bakken, lagra i høyløer på myra og teke ned til garden med hest om vinteren. Etter langvarig attgroing, tok museet, saman med ei dugnadsgruppe frå Storfjordens Venner, opp att skjøtselen med rydding av kratt. Store delar av området gror att med lauvkjerr, vier og lyng. Slåtten kom i gang att på den nedre delen (15 dekar) av myra i 2010, og det ble slått igjen i 2012 og 2014. På slåttemyra finst det også to utmarksløer, «Ihjleløa» og «Storeløa», som Storfjordens Venner sin dugnadsgruppe har restaurert.