YTSTE SKOTET, STORDAL

Ein gamal gard

Det er usikkert når den første busettinga fann stad på Skotet, men det er sannsynleg at folk budde der allereie i vikingtida.

 

Skotet er nemnd i Snorre i Soga om Olav den heilage rundt 1030. I skattelistene finn vi Skotet frå 1600-talet. Dei tradisjonelle driftsmåtane med korn på innmarka, og beite og slått i utmarka, heldt dei ved lag heilt til dei siste brukarane flytta derifrå i 1954. I si tid var Ytste Skotet ein stor gard. Der var 45 mål dyrka jord, og garden var den som produserte mest korn i Stordal kommune.

Nytt liv i 1989
Foreininga Storfjordens Venner fekk i 1989 Ytste Skotet som gåve frå Ole Andreas, Knut Olav og Jenny Skotet, dei siste som budde på garden. Då hadde garden stått folketom i 35 år og mange av bygningane heldt på å falle ned. Etter fem år med restaureringsarbeid hadde dei fleste husa fått sin gamle utsjånad tilbake. I dag står mest alle dei gamle husa på Ytste Skotet: stovehuset, stabburet, eldhuset, kvernhuset, gardssmia, troskotet og taubanehuset, saman med fleire høyløer i utmarka og naust nede ved fjorden.

Verneverdi kulturlandskap
Det som er særmerkt med Ytste Skotet er at det tradisjonelle kulturlandskapet med bygningar og naturtypar ikkje er påverka av det moderne jordbruket. I generasjonar har det meste av gardsarbeid vore gjort med handemakt, hestekraft og vasskraft. Rundt 80 mål med artsrike slåtte-enger og slåttemyrer er no restaurert og vert skjøtta på ein måte som held i hevd det biologiske mangfaldet. Dette heilskaplege kulturlandskapet har høg verneverdi både nasjonalt og internasjonalt.