VOLDA BYGDETUN, VOLDA

Garveriet

Garvarbua vart sett opp av kjøpmann Olai Olsen i 1838. Bygningen liknar meir eit handelshus enn eit garveri, og det var ho og fram til 1876, då vart seld til garvar Carl Nikolai Rødseth.

 

Rødseth fekk oppleve både motgang og medgang som garvar. På ein tvangsauksjon i 1884 miste han, i tillegg til garvarbygninga, både gard (Ristegarden) og grunn. Etter hard arbeid klarte han få år etter å kjøpe attende garveriet, som no og vart bustad for heile familien.

Slik tradisjonen var på denne tida, vart det ein av sønene som tok over drifta då faren Carl Nikolai Rødseth døde i 1925. Denne sonen var svakeleg, og døyde allereie året etter. Dermed vart det dottersonen Bjarne Vassbotn som måtte ta over. Han dreiv fram til 1971. Då vart verksemda lagt ned og bygningen seinare seld til Volda sogelag.