Visjon og verdiar


Vår visjon
er vår vegvisar. Den skal gi retning for kva vi i Stiftinga Sunnmøre Museum ønskjer å jobbe mot: Vi gjer kulturarven synleg.

Våre verdiar
er viktige ledetrådar i vårt arbeid – både i utøvinga av vår samfunnsrolle og i arbeidet for ein god bedriftskultur:

Samarbeidande
Som organisasjon skal SSM samarbeide med regionen sine ulike museale aktørar for å bevare og formidle vår felles kulturhistorie. Dei tilsette skal samarbeide på tvers av fag og geografi for å nå felles mål.

Synleg
Som organisasjon skal SSM vere synleg både i samfunnsdebatten, innan bransjen og ovanfor styrande myndigheiter. Alle tilsette skal bli sett og verdsatt – både som den personen ein er og i forhold til den oppgåva ein er sett til å gjere.

Modig
Som organisajon skal vi stå for det vi seier og gjer – uavhengig av andre sine meningar og syn. SSM skal vere modig til å gå andre og nye vegar innan SSM sine fagområde. Kvar og ein skal vere modig til å stå for den ein er, modig til å seie i frå og modig til å gi ris og ros.