SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Utleige

Gjer stas på gjestene dine. Vikingkamp og bogeskyting? Lefsekurs eller kulturløype? Vi skreddarsyr aktivitetar tilpassa dine gjester og dine ønskje. Nyt ein lunsj eller middag i Båthallen, feire barnedåp eller 50-årsdagen i Ytterlandsstova. Markeringar av ulikt slag for bedrifta sine tilsette eller kundar? Då er museumskafeen ein ypparleg stad å vere!

I vår- og sommarmånadane tek du med deg gjestane dine på ein lunsj- eller kveldstur med vikingskipet Borgundknarren, og får samtidig oppleve vakre Ålesund frå sjøsida. Gjere noko saman før julestria tek til? Kva med å tilby dei tilsette eit lefsekurs på museet? Ein "matnyttig" aktivitet på alle måtar. Dette og mykje anna kan du og dine gjester oppleve på Sunnmøre Museum. Kontakt oss - så finn vi på noko spennande saman!

MUSEUMSKAFEEN

Kafébygget vart opna i 1996 og har plass for inntil 100 personar. I tillegg til sjølve kafeen har ei ... les meir

YTTERLANDSTOVA

Ytterlandstova er eit romsleg hus frå Valderøya med stor eldstad, opphaldsrom, kjøkken og storstove. ... les meir

MIDDELALDERMUSEET

Det nye formidlingsrommet på Middelaldermuseet tek inntil 35 personar. Nytt kjøkken med komplett uts ... les meir