SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Middelaldermuseet

I vikingtida var Borgund ein marknadsplass som vart stadig viktigare for sunnmøringane. Midt på 1100-talet hadde Borgund vakse til ein liten by. Denne småbyen frå mellomalderen er det vi kallar Kaupstaden Borgund.

 

God hamn og det rike torskefisket skapte grunnlaget for veksten. Eksport av tørrfisk til det katolske Europa gav gode inntekter. Handel og handverk blomstra. Giskeætta på Giske stod kongemakta nær og kunne halde ei vernande hand over staden. På 1100-talet var Borgund det største kyrkjelege senteret mellom Bergen og Nidaros. Her stod fire marmorkledde steinkyrkjer: Peterskyrkja, Margarethakyrkja, Mattiaskyrkja og Kristkyrkja. På 1300-talet byrjar nedgangstida for Kaupstaden Borgund. Sunnmøringen handla med hanseatane og Svartedauden ramma sunnmørsbygdene. Det gjorde at tidleg på 1500-talet låg Borgundkaupangen øyde. Går du Middelalderstien fram til Middelaldermuseet, kjem du på sporet av fortida. Her kan du sjølv sjå restane etter kaupstaden og lære meir om livet på Sunnmøre i mellomalderen. I juni 2016 vart ei ny og spennande utstilling opna på Middelaldermuseet; «Borgund – byen i havlandet»

Utstillinga «Borgund – byen i havlandet» (900 – 1600)
Når ein i dag vitjar Borgundgavlen og ser grøne marker og ikkje andre hus enn dei på museet og på prestegarden, er det ikkje lett å sjå for seg ein by her. Men det var det ein gong. Den nye utstillinga i Middelaldermuseet ønskjer å synleggjere – skape nokre bilete – av denne byen. Av det som gjekk føre seg her, av bymenneskja og av dei som var innom. Av byen sine kyrkjer og prestar, av stormenn og bønder. Gjennom fargar, lydar, bilete og gjenstandar – alle frå Borgund – søkjer vi å nærma oss menneskja og livet dei levde her.

Kvifor kom byen her?
Først prøver utstillinga å seie noko om kvifor byen kom akkurat her. Det var sjølvsagt ikkje tilfeldig. Det kan ikkje vere tvil om at det rike torskefisket i Borgundfjorden var viktig. Tørrfisk var ei etterspurt vare blant den stadig veksande katolske folkesetnaden i Europa. Ei god hamn og ei sentral plassering i fjordsystemet på Sunnmøre var inga ulempe. Borgund voks, fekk bygrense og eigne embetsmenn. På den store veggmodellen veks byen fram, vert større og større, og fortel historia om korleis byen kan ha sett ut. Borgund dukkar opp i kongesogene og andre skriftlege kjelder, og er skodeplass for dramatiske hendingar gjennom heile mellomalderen. Og heile tida er den mektige Giskeætta svært oppteken av det som skjer på Borgund. Det er på eitt vis byen deira.

Mange kyrkjer i byen Borgund
Midt på 1100-talet er det truleg fire steinkyrkjer på Borgund. Peterskyrkja, Margaretakyrkja, Mattiaskyrkja og Kristkyrkja. Den siste er av særleg interesse, sidan slik kyrkjer ofte er biskopkyrkjer. Og ei engelsk kjelde nemner faktisk biskop Tore av Borgund. Det er likevel usikkert om Borgund var bispesete, men uansett var det den største kyrkjestaden mellom Bergen og Nidaros. Eit gravfelt ved Katavågen er frå 1000-talet, og her har det nok stått kyrkjer på staden lenge før marmorkyrkjene vart bygd.

Handelsvarer og handverkarar
Skip kom og gjekk med varer. Knarrar (båtar som Borgundknarren) fullasta med tørrfisk drog ut, andre segla inn med korn, fine tekstilar og elles alt sunnmøringen ikkje klarte å lage sjølv. For på Borgund var det både smedar, båtbyggjarar og ikkje minst skomakarar. Alle får du møte i utstillinga – og sjå kva dei hadde av verktøy og kva dei laga.

Mat og kosthald
Utan mat og drikke duger sjølv byfolk ikkje. Det stod mykje fisk, graut, flatbrød og lettøl på bordet til dei som budde på Borgund. Men det vanka nok òg anna å eta. I motsetnad til i dag var riktig kosthald den gongen feit mat. Dei rike og mektig brukte rikeleg med krydder. Det var stas. Tørsten sløkte dei nok først og fremst med øl.

Klede og tekstilar
Tekstilar er det ikkje funne så mykje av på Borgund. Difor hjelper utstillinga litt til her òg. Du får møta stormannen på Giske, ein liten bygut med leikebåten sin (om du lyttar til audioguiden får du historia om guten og båten), ei bykone og ein handverkar. Alle godt og moterett kledd.

Nedgangstider
Tidleg på 1300-talet er ikkje alt som det skal vere på Borgund. Ei av kyrkjene har forfalle. Vêret er vorte kaldare og mykje tyder på at fisket sviktar. I september 1349 vert byen og Sunnmøre ramma av Svartedauden og tidene vert aldri som før. Sunnmøringane dreg heller til Bergen og hanseatane med fisken sin, og ein gong utpå 1500-talet er det lite som minner om ein by på Borgund. Borgarsete veks etter kvart fram langs Borgundfjorden. Eit borgarsete er eit lite samfunn av åtte til over 30 personar, med eit ruvande våningshus, omkransa av til dømes hus for tenestefolk, sjøbod, jektenaust, fjøs og eldhus. No byrjar historia til den nye byen; Ålesund.

Ope 2017
I tida 25. juni – 20. august har Middelaldermuseet ope måndag – fredag kl. 12 – 15 og søndagar kl 12 – 15. Ope også kvar laurdag i juli månad, kl. 12-15. For omvising utanom sommarsesongen – ta kontakt med museet på tlf. 70 16 48 70.