SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Båtar

Ved kaia og i båthallen finn du ein av landets største båtsamlingar. Bli betre kjent med vikingskipet Borgundknarren og historia til fiskekuttaren og «shetlandsbåten» M/K Heland. Båtbygging og båtbruk har lange tradisjonar på Sunnmøre. Kopiar av Fjørtoftbåten og Kvalsundskipet frå 600- og 700- talet er synlege prov på dette. Begge båtane finn du i den store båthallen på museet. Her står også dei gamle sunnmørsbåtane, opne båtar til fiske, frakt og skyss, som av mange er rekna som dei beste havseglarane på Norskekysten.

VIKINGSKIPET BORGUNDKNARREN

Det vakre vikingskipet Borgundknarren er kopi av ein original knarr som vart funne i Danmark i 1962. ... les meir

KVALSUNDSKIPET

Kvalsundskipet er tidfesta til år 690 e.Kr. Saman med ein mindre båt blei skipet funne av gardbruk ... les meir

FJØRTOFTBÅTEN

I myra på Marsteinneset på Fjørtoft, fann Rasmus Fjørtoft to båtar i 1940. Dei var sett heile ned på ... les meir

SUNNMØRSBÅTEN

Sunnmørsbåten er fellesnemninga for den gamle bruksbåten på Sunnmøre, og som havbåt var han i bruk f ... les meir

M/K HELLAND

Ved museumskaia ligg M/K Heland - ein fiskekuttar på 63 fot, bygd i 1937. Heland er kjend som "shetl ... les meir