Sunnmøre Museum, Ålesund

Sunnmøre Museum er eit folkemuseum for kystkultur. Vi gir eit innblikk i sunnmøringane sitt liv og arbeid frå steinalder og fram mot nyare tid, gjennom ulike utstillingar og ei stor samling gamle hus og båtar. I friluftsmuseet er det reist 55 gamle hus, omkransa av eit vakkert friluftsområde. Utstillingane i hovudbygningen og båthallen fortel om sunnmøringens liv gjennom tusenåra.