SIVERT AARFLOT-MUSEET, VOLDA

Sivert Aarflots skrifter

I høve jubileet i 2009 vart tekstene lagt dei ut på denne nettstaden, slik at dei er lett tilgjengeleg for alle som vil gå til sjølve «grunntekstane». Vonleg kan forskarar, med ulike utgangspunkt og siktemål, finne noko dei kan ha nytte av i denne tekstsamlinga.

Sivert Aarflot produserte ei stor tekstmengd, men er ikkje i ettertid rekna som «forfattar» eller «diktar» i vanleg forstand. Det meste han skreiv, kan vel best beskrivast som bruksprosa, til nytte der og då. Det gjeld også diktinga hans, som for det meste var høvesdikt (leilighetsdiktning), dvs. dikt berekna på heilt konkrete situasjonar.

Tekstsamlinga er sjølvsagt ikkje 100 % komplett. Dels har han nok skrive tekstar som er gått tapt (kanskje i den store brannen på Ekset i 1844), dels er nokre av dei i berre i handskrift, som er vanskeleg å tyde for andre enn spesialistar. Sjølv i det som ligg føre i trykt utgåve, finst det enkelte ord og sekvensar som er så utydelege at eg ikkje har klart å lese dei, og derfor markert dei med eitt eller fleire ? i avskrifta mi.

Alle tekstane er forsynte med ein liten redaksjonell kommentar, som ligg på eit minimumsnivå. Men eg tek imot spørsmål og kommentarar på os@hivolda.no.

(Volda, september 2009, Øystein Sande, Høgskulen i Volda)

1810 NORSK LANDBOEBLAD

Dette er den klart mest innhaldsrike årgangen, den einaste som kom ut med 52 nummer, ein for kvar ve ... les meir

MEIR OM SIVERT AARFLOT-MUSEET, VOLDA