SIVERT AARFLOT-MUSEET, VOLDA

Gjenstandssamling

Sivert Aarflot-museet er eit personalhistorisk museum om læraren, folkeopplysaren, forfattaren, forskaren og boktrykkjaren Sivert Aarflot (1759 - 1817).

 

Samlinga fortel om det omfattande livsverket hans. Samlinga består av inspirasjonskjeldene hans, opplysningstidas store sunnmøring Hans Strøm og skriftene hans. Bøker frå det store lånebiblioteket til opplysning for lærevillig ungdom som Aarflot bygde opp, og bøker frå forfattarskapen hans i folkeopplysningas teneste – alt frå ABC-boka til bøker om astronomi for allmugen med tilhøyrande stjernekart «Nattens Himler i klare Aftner».

I museet finst og trykkeriutstyr som Sivert Aarflot sjølv har nytta i verksemda si på Egset. Der gav han ut «Norske Jorddyrkeres Almanak» 1805 og 1806 og «Norsk Landboeblad» 1810 – 1816. Her er og anna trykkeriutstyr frå 1800-talet. Frå livsverket til Sivert Aarflot går det ei ubroten line fram til folkehøgskule, lærarskule og høgskule.