SIVERT AARFLOT-MUSEET, VOLDA

Berre ein bondemann?

Var Sivert Aarflot berre ein bondemann? Han starta ikkje berre det første trykkeriet på landsbygda i Noreg, han var også lensmannen i bygda, postopnar, apotekar, seksjonssjef for Kystvernet og blad- og bokutgjevar. Han var berre 19 år gamal når han vart skulelærar, og dette dreiv han med i 15 år. Han var svært oppteken av å opplyse folket, mellom anna ville han at bøndene skulle dyrke hamp slik at dei kunne lage sine eigne sekkar og vere sjølvforsynte på den måten.

 

22 dager med skule
Sivert Aarflot vart fødd 23. oktober 1759. Foreldra hans, Knut Pettersen og Berte Akseldotter, hadde ein liten gardpart av Aarflot i Ørsta og Sivert måtte tidleg hjelpe til på garden. Sju år gammal fekk han ei ABC-bok, og som niåring kunne han lese og skrive. Alt i alt fekk faktisk Sivert Aarflot berre 22 dagars skulegang!

Jobb og bustad
Då Sivert vart lensmann, måtte han bu meir sentralt og standsmessig. Han lånte pengar av ein prest og kjøpte Kapteinsgarden på Ekset. Det var også grunnen til at han blei postopnar, han budde så sentralt i forhold til postbåten.

Born
Sivert Aarflot og kona Gunhild Eikrem fekk fem born, men eitt døydde då det var lite. Borna var Rasmus Sivertsen Aarflot, som arbeidde vidare med faren sitt arbeid, Berte Kanutte, som vart salmediktar, Sisilie Helene og Ottine Elisabet.

Påskjøningar
Sivert Aarflot fekk mykje påskjøning for arbeidet sitt. I 1809 vart han utnemnd til Dannebrogsmann, noko som svarar til den norske St. Olavs-ordenen. Han fekk også fleire andre utmerkingar.

"Fortærende Adspredelser"
Sivert hadde nok ikkje den beste helsa og han levde nok eit travelt liv som sleit hardt på han. Han døydde 14. april 1817, berre 58 år gamal. Han skreiv sjølv at dersom eit menneske sin levealder skal vurderast ut frå kva vedkomande har fått utført, så ville han ha vore ein gamal mann. Livet skulle ikkje kastast bort på unødvendig svevn, latskap og "fortærende Adspredelser".