Samlingar

Stiftinga Sunnmøre Museum har ei rik samling gjenstandar, antikvariske hus, båtar, fotografi og arkivmateriale. Våre arbeidsoppgåver knytt til desse samlingane omfattar førebyggjande konservering, oppbevaring, registrering, dokumentasjon og forsking. I dag er store deler av samlingane tatt vare på i moderne klimastyrte magasin.

Arbeidet med digitalisering gjer at vi får betre oversikt over samlingane. Det meste er no søkbart elektronisk. Samlingane blir fortløpande registrert i ein felles database; Primus. Det er dette arbeidet som gir grunnlag for at våre samlingar fortløpande blir tilgjengeleg for publikum.

Digitalt Museum er eit landsomfattande tilbod til publikum. Der kan du søke, gi tilbakemelding og forske i dei fleste museumssamlingane i Noreg. Det er no mogleg for publikum å få sjå stadig meir av samlingane våre på nett, og ikkje berre dei vi har utstilt på musea. Ta deg en tur innom Digitalt Museum og sjå kva vi har i samlingane våre. Gi oss gjerne tilbakemelding om du har opplysningar som kan være nyttige.

 

 
Digital Museum

Ta kontakt

Nøl ikkje med å ta kontakt med oss om du har problem med skadedyr, eller ønskjer råd om korleis ta vare på dine gamle gjenstandar. Din henvendelse blir sendt til Stig Drevik, driftsansvarleg magasin.

*
*
*