MØBELMUSEET, SYKKYLVEN

Møbeleventyret

Tungt arbeid i landbruk og fiskeri lærte sunnmøringen verdien av å sitje godt når han endeleg kunne slenge seg nedpå. Møbelbransjen har gjort skam på bedriftsøkonomiske teoriar om kor viktig det er med kapital og lett tilgang til råvarer og marknad. For det stod på ingen måte skrive i stjernene at desse brattlendte bygdene i vest skulle bli eit tyngdepunkt for norsk møbelproduksjon.

 

Sunnmøre låg ikkje strategisk til: Råvarene måtte ofte hentast langvegs frå. Og det var også lang veg til forbrukarane i dei store byane og tettstadene. Her var stor tilgang på billig og viljug arbeidskraft. Dei små gardsbruka, som hadde gitt utkomme for folket opp gjennom hundreåra, kunne ikkje sysselsetje alle. Amerika hadde vore utvegen for mange. Mange emigrerte og kom aldri tilbake. Andre sleit nokre år i tømmercampen eller i gruve- og byggjeindustrien i USA og kom heim att med nye idear og kanskje startkapital.

Men depresjonen i USA førte til at det vart vanskelegare å sleppe inn også i Amerika. Dei harde trettiåra sette også sitt preg på Noreg. Dei nye industristadene og dei store byane var heller ikkje så forlokkande for dei fleste. Arbeidsløyse var det over alt. Sunnmøringen var dessutan heimekjær og patriotisk. Han ville opp og fram, men aller helst ville han skape sin eigen arbeidsplass i grenda der han voks opp.

Slikt er også ein komparativ fordel når ny industri skal etablerast. Vi kan seie at naud lærte pengelause bygdegutar å spinne madrassfjører og byggje møblar. Kapital hadde dei lite av, men med i arven heimanfrå, fanst både haugiansk trott og nøysemd og fiskarens kalkulerte risikovilje.

Her var dugnadsånd og praktisk sans. Felles innsats hadde alltid vore viktig når store prosjekt skulle gjennomførast i det gamle bondesamfunnet. Gardbrukarsønene kom frå eit miljø der ein knapt hadde råd til å kjøpe noko ferdig og dei var vane med å lage det meste sjølv.

Dette var ei haldning dei tok med seg til møbelindustrien, slik Sigurd Ekornes gjorde då han hadde vanskar med å skaffe possementsnorer til møblane sine under krigen. Då var det naturleg for han å konstruere sin eigen possementssnormaskin. Han produserte pyntesnorer både til eige bruk og selde i tillegg til konkurrentane.

Gründerar tok utfordringane ei etter ei og søkte løysingar der dei var å finne. Dei eksperimenterte og kopierte, sparte og investerte, konkurrerte og samarbeidde. Møbelarbeidarane følgde lojalt opp. Dei visste dei var i same båt.

Det utvikla seg ein kultur for å setje dristige mål og få ting gjort. Både på sjefskontoret og på “gølvet” var haldninga: Det nyttar ikkje å gi seg. Møbelmarknaden er usikker som fiskelykka. Men det er alltid von i hengande snøre og ein god agent.

Møbelfolk er ikkje kjende for å sjå seg tilbake. Dei tenkjer framover, til neste sesong og neste møbelmesse. Denne utstillinga er eit forsøk på å late historia henge med. Vi har gjort nokre nedslag i ulike epokar i den meir enn hundre år lange møbel historie. Og når tiåra har gått og støvet har lagt seg, står det framleis ein del spesielt vellykka møbelprodukt att og har overlevd. Dei er dei norske møbelklassikarane, som vi også viser eit utval av her. Velkomen til utstillinga! Og versågod! Det er lov å prøvesitje.

Kjetil Tandstad
avd. leiar Stiftinga Sunnmøre Museum, avd Møbelmuseet.