LANDBRUKSMUSEET, VESTNES

Ulvestova på Gjernmundsnes

På Gjermundnes ligg det ei fangstgrav som arkeologar meiner kan ha vore ei såkalla ulvestove. Slike fangstgraver for ulv eller varg som dyra vart kalla i eldre tid her, har vorte datert til å vere i bruk frå jarnalderen og fram til kring 1830.

 

Alderen på ulvestova på Gjermundnes er det vanskeleg å seie noko om, men dokument i arkivverka syner at det vart fanga ein ulv i ei slik dyregrav på 1700-talet i Surnadal på Nordmøre. Vi veit ikkje om ulvestova på Gjermundnes har fanga ulv, men det var fire slike ulvestover i Vestnes kommune mellom Gjermundnes og Remmem i si tid.

Elles finn ein ei rekkje ulv og vargenamn i eldre stadnamn i kommunen. Dette sannsynleggjer at ulven var relativt vanleg. Meininga var at ulven skulle lokkast til å trakke ned i ei kamuflert dyregrav ved bruk av åte. Eventyrsamlaren og naturforskaren Peder Chr. Asbjørnsen nemnte at dei nytta pudlar til dette på Austlandet. I Romsdalen vert det hevda at ein helst nytta geitekje eller katt til åte, men det er vanskeleg å stadfeste i dag. Ulvestova er registrert som kulturminne i utmark og kan likne på elggraver frå andre landsdelar. Ulvestova og ulvesegner kan den museumsbesøkande få oppleve ved å ta kontakt med personalet på landbruksmuseet og avtale tematur.