LANDBRUKSMUSEET, VESTNES

Museumsløa frå 1907

På slutten av 1970-talet ville det offentlege rive den tidlegare driftsbygningen til landbruksskulen. Bygningen var i dårleg stand og umoderne med tanke på opplæring innan fjøsdrift og dyrehald.

 

Ein del personar som var opptekne av å ta vare på kulturhistoria knytt til skulegarden og driftsbygninga, fekk omgjort rivingsvedtaket. Dette vart grunnlaget for å få etablert eit fylkesdekkande landbruksmuseum på Gjermundnes.

Utan bevaringa av låven frå 1907 og seinare oppgradering og vedlikehald av internatbygget frå 1898 hadde det ikkje vore noko landbruksmuseum på staden i dag. Til å vere frå hundreårsskiftet er låven på museet uvanleg stor. Normal storleik på ein låve på gardane i denne regionen har vore rundt 150 - 250 kvadrat, medan den tidlegare driftsbygningen på landbruksskulen er om lag 2000 kvadratmeter.

Låven hadde i si brukstid ei lang rekke funksjonar. Her var det grisefjøs, oksestasjon, sauefjøs, moderne båsfjøs for kyr og ein stor stall som hyste skulegardens viktigaste arbeidshjelp utanom tilsette og elevar, nemleg hesten. Elles var det behov for stort areal på låven til oppbevaring og tørrhøy til ein stor dyreflokk i fjøsane som måtte ha vinterfôr. Utover nødvendig areal med tanke på stort dyrehald og lagringskapasitet til fôr, var det potetkjellarar og kålrabikjellar til lagring av sjølvdyrka rotfrukter. Eit sentralt moment var å gje landbruksskuleelevar frå heile fylket praktisk undervisning i ei lang rekke fag knytt til ei kraftig modernisering av landbruket. I denne låven har mang ein odelsgut og seinare odelsjente lært seg husdyrfag og rasjonelt fjøsstell.