LANDBRUKSMUSEET, VESTNES

Kvifor landbruksmuseum

Utstillingane på landbruksmuseet dekkjer dei store samfunnsendringene frå et førmoderne samfunn til det mekaniske samfunnet: Det store hamskiftet. Det store hamskiftet er ei samlenemning for dei sosiale, økonomiske og kulturelle omveltingane i norske bygdesamfunn då eit tilnærma sjølvbergingslandbruk tilpassa seg marknadsøkonomi og pengehushald.

 

Omgrepet var først brukt av forfattaren Inge Krokann i artikkelen Det store hamskiftet i bondesamfunnet i Norsk kulturhistorie (1942). Krokann daterer tida for hamskiftet til siste halvdelen av 1800-tallet.

Sentralt var overgang frå sjølvbergingshushald til pengehushald. Frå mellomalderen og til langt ut på 1800-talet var bondeøkonomien ein hushaldsøkonomi, der varebyte eller kjøp og sal berre spela ei marginal rolle. Etter 1850 la bøndene stadig meir vekt på matvareproduksjon for sal, slik at dei opparbeidde eit økonomisk overskot som kunne gje kapital til nye investeringar.

Som følgje av overgangen til marknadsøkonomi, voks det fram nye, spesialiserte yrkesgrupper, og det oppstod ein arbeidarklasse. Etter kvart vart òg husmenn og landarbeidarar ein del av denne klassa, medan dei i det gamle standssamfunnet vart rekna til bondestanden. I standssamfunnet gjekk solidaritetsbanda innanfor gardsfellesskapet. Under hamskiftet forsvann paternalismen mellom arbeidskjøpar og arbeidar. Kulturelt medførte hamskiftet ein overgang frå tradisjonsbunden bygdekultur til ein meir europeisk orientert bykultur. Samstundes voks det fram nye motkulturar, med ei pietistisk lekmannsrørsle, fråhaldsrørsle og etter kvart ei målrørsle. Under hamskiftet fekk bygdefolk òg meir og betre utdanning, først gjennom folkehøgskulen.

Årsakar til hamskiftet
I åra før hamskiftet var samfunnsøkonomien gjort meir liberal, med frihandel som internasjonalt ideal. Kommunikasjonane vart bygde ut, framfor alt kom det betre vegar, jarnbane og båtruter. Utløysande for hamskiftet var gode prisar på korn under Krimkrigen, kombinert med gode avlingar i desse åra. Samstundes var det utvikla nye landbruksreiskapar som gjorde det mogleg å auke produksjonen og det vart etablert bankar og låneinstitusjonar som kunne finansiere utbygging i landbruket. Den viktigaste tekniske nyvinninga var slåmaskina, fordi husdyrbruket vart viktigare enn åkerbruket, og fordi den sparte mest arbeidsfolk i travlaste onna. Slåmaskina dreiv dessutan fram ein ny jordkultur, ho kravde lettdriven jord, god beresterk grunn og god arrondering. Slik vart det òg slutt på utslåttene.

(Wikipedia http://nn.wikipedia.org/wiki/Det_store_hamskiftet)