LANDBRUKSMUSEET, VESTNES

Kvernhuset

Kvernhuset ved Jønnvikgrova stod opphavleg ved Storhølen i Sesselva på Daugstad i Vestnes kommune. I si tid var det fleire sagbruk og kvernhus ved Sesselva, som er kjent for å ha stabil vassføring. Vassdrag som ga garanti for nok vatn til permanent drift av sagbruk, kvernhus og mølle har ofte hatt ry på seg for å ha såkalla årgangsvatn.

 

Formålet med eit kvernhus eller kvennahus, som det heiter på romsdalsdialekten, var å male kornet til bakemjøl. Slik kunne ein sikre matmjøl til gardane i grenda. Det følgde mykje nedarva kunnskap som vart overlevert frå ein generasjon til neste når det gjaldt å stille kvenna slik at ho arbeidde på rette måten. Det vart hevda at ein kunne høyre skilnad på lyden frå dei ulike kvernene når dei mol. Det var viktig å ikkje la kverna stå vasslaus og male fånyttes. Det vart gjerne ei prestisjesak å stille kverna rett. 

Ei kvern i Kjersemdalen i Tresfjord hadde ein lyd ved nokre høve som dei tolka slik: “eg står på to berg, Rasmus, sjekk meg”. Kverna sa frå til eigaren om at ho var vasstørr og ville ha årgangsvatn. Under andre verdskrigen, når det vart mangel på matmjøl vart ei rekke kvernhus tekne i bruk att til same formålet som på 1800-talet. Etter nærast tallause stadnamn å døme må kvernhusdrifta ha vore særs vanleg over heile vestlandet på 1700- og 1800-talet. Namn som Kvennhusflata, Kvennhølen og Kvernhussletta eller Kvennmyra vitnar om dette. Kvernhuset til museet er det vanskeleg å fastslå alderen på, men det står rissa inn året 1850 på ein av veggene inne. Dette innrisset har vore gjort med kniv. Det var vanleg å risse inn årstal eller enkle symbol i kvernhusa. Mellom anna er det fleire stader i kvernhusa i regionen rissa inn seglskuter og årstal. Graffiti treng ikkje å vere noko nytt fenomen.