LANDBRUKSMUSEET, VESTNES

Gravrøysområde nær museet

Bileta er frå før området vart oppgradert til betre turstandard. Museet er eit godt utgangspunkt for gåturar i området. Arkeologar har tidfesta gravrøysene av stein til å vere frå tidsrommet bronsealder til jarnalder. Hovuddelen av røysene er mest sannsynleg frå jarnalderen eller vikingtida.

 

I 2004 vart det funne ei kvinnegrav, datert til vikingtida, nær Vike kyrkje. Grava inneheldt ein god del perler og smykkesteinar av rav, mellom anna. Handteiner og anna veveutstyr og typiske kvinnereiskap vart og funne i grava. Det var ei båtgrav, etter utforminga på grava å døme. Det vart vidare konstatert at grava var ei branngrav. Funnet vart omtalt ein del i arkeologiske tidsskrift og i lokalpressa fekk ho namnet «Husfrua på Vike». Av funnet kan arkeologane sjå at det må ha vore ei kvinne av høg ætt som har fått gravminnet sitt der. Fleire av røysene som ligg nær museet er opna ved at det har vorte laga store hol i dei, men ein veit ikkje kven som gjorde det. På Villa, nokre få kilometer frå Vike, veit ein derimot at ein grunneigar selde gravfunn til British Museum seint på 1800-talet eller tidleg på 1900-talet. De i omfattande funna frå Villa er framleis utstilte i London. Utover dette seinare funnet er det ei rekke gravrøyser innanfor eit par kilometers avstand. Desse gravhaugane er av varierande storleik og står ulikt i terrenget. Nokre av gravrøysene ligg rett ved ferdselsvegar i kulturlandskapet, medan andre av røysene er overgrodde.

Den mest spesielle av gravrøysene er nok den såkalla “Kjemperøysa” som ligg på toppen av Gjermundnesholmen. Den vart for nokre år tilbake rydda for kratt og aukande overgroing av lærarar og elevar ved Gjermundnes vgs. Haugen er datert til mest sannsynleg å vere frå bronsealder. Ein må ut i båt for å sjå Kjemperøysa på nært hald, men resten av gravhaugane er tilgjengeleg for besøkande med støvlar eller anna godt fottøy. Nokre stader er det myrlendt og vått. Det seier seg sjølv at ein i vår tid manglar mykje basiskunnskap om meininga bak slike gravrøyser, men det er historisk sett sannsynleg at berre dei høgareståande personane i eit samfunn fekk slike minnesmerke. Funnet ved Vike kyrkje underbyggjer den teorien.

Det same kan ein seie om jordhaugane i Vestfold, som skjulte Oseberg og Gokstadfunna. Det er og sannsynleg at ein i eit heilt anna samfunnsform enn vår, som utover handelssamkvem var prega av ættestrid og krigar, hadde behov for å synleggjere status og makt ved å byggje monumentale røyser som ei åtvaring mot inntrengarar. Mykje meir kunne ha vore sagt om gravminna på Gjermundnes, men det største utbyttet får ein ved å komme hit på besøk. Landbruksmuseet arrangerer med jamne mellomrom vandreturar med omvising til gravrøysområda. Tematurar kan bestillast. Sidan 2012 har Landbruksmuseet delteke i eit større prosjekt i lag med Møre og Romsdal fylkeskommune og Vestnes kommune, og fleire lokale organisasjonar for å sette i stand turstiar og få på plass skilting og informasjonstavler. På den måten vil vår tidlege historie verte enklare tilgjengeleg for deg.