LANDBRUKSMUSEET, VESTNES

Eikealleen

Når ein kjem til den delen av Gjermundnes, som er ligg ved Gjermundnes vidaregåande skule (tidlegare Landbruksskulen) og internatbygget på Landbruksmuseet, vil ein sjå ein staseleg eikeallé langs vegen forbi skulen og museet.

 

Denne alleen er det ei interessant segn om. Frå 1600-talet og fram til om lag 1800 var det danskekongens mann i amtet eller fylket som regjerte på Gjermundnes. Ein liten del av den mangfaldige historikken kring futegodset omhandlar edellauvskog i form av den planta eigealleen.

Segna seier at fut Jacob Eeg var på ei langvarig reise. Då han kom heim, hadde døtrene planta denne alleen. Det har lenge vore sagt att dette vart gjort i året 1759. Det er umogleg å fastslå dette i dag. Mykje tydar på at dagens tre er maksimalt 200 år gamle.

Det er slettes ikkje umogleg at Remmems-pien, som to av desse døtrene seinare vart kalla på folkemunne i Vestnes, planta alleen for å gjere stas på ein far dei hadde respekt for, men det var vel helst tenestefolk som gjorde kroppsleg arbeid på futegodset? Remmems-pien vart seinare klengenamnet på to av desse tre systrene. Ingen av dei vart gifte og fekk eigne barn. Vi snakkar her om rettelege peparmøyer av høg stand og med stor arv å forvalte. Systrene busette seg etter kvart på ein anna stor gard som far deira eigde i på Remmem – rett over fjorden frå Gjermundnes. I neste generasjon vart dette eigendommen til den første ordføraren i Vestnes, Henrik Remmem.

Det gjekk rykte om at Henrik Remmem var ein uekte son av fut Jacob Eeg. Det var i alle fall ikkje vanleg at tre futedøtrer var fadrar på ein husmannsson, men det var tilfellet i dåpen til Henrik Remmem. Dessutan vart han nesten over natta ein velståande mann, som gjekk frå husmannstatus til å verte stor gardeigar. Ei anna segn fortel at ei rik dame gjekk over Straumsbrua på Helland på Vestnes. Ho stoppa opp og kasta ringen sin i saltvasstraumen med dei orda at like sikkert som at eg aldri ser att denne ringen er det at eg aldri nokon gong vert fattig”.

Noko seinare kom ein fjordfiskar og selde henne fisk. Då fisken vart sløya, fann dei ringen hennar i fiskemagen. Det vart armod for den tidlegare rike kvinna. Då ho døydde, var det så dårleg stelt at dei måtte bruke lommedukane hennar til å sy likkledet av, seier segna. Kanskje er denne segna det eit varsku i om at hovmod står for fall? Når det gjeld futedøtrene hadde dei og ein velberga gard på Sørås mellom Vestnes og Tomrefjorden å ta av. Det vart ikkje nytta lommedukar ved deira gravferd, må ein tru.