Landbruksmuseet, Vestnes

Landbruksmuseet held til i bygningane til den gamle landbruksskulen frå 1898 på Gjermundnes i Vestnes. Museet er ein naturlig stoppestad midt mellom Ålesund og Åndalsnes og ligg rett sør for Molde, med flott panoramautsikt mot byen på andre sida av Romsdalsfjorden. Museet ligg solrikt til og har både eit flott parkanlegg med eikeallé frå 1758 og eit rikt gravfeltområde frå jarnalderen.