HERØY KYSTMUSEUM, HERØY

Naust for "Anna Olava"

Sunnmørsjekta var ei av fleire jektetypar som traffikerte kysten frå mellomalderen og fram mot år 1900. Lasta var gjerne sild, tørrfi k, tran, rogn, skinn, gråverk og andre varer som vart frakta inn til byane, særleg Bergen. Jektene tok med varer og impulsar til vekst og velstand på Sunnmøre. Jektene er borte og kopi av Sunnmørsjekta finst ikkje før «Anna Olava» vart bygd.

 

Gamle jektebord og band vart funne på Håkonsholmen, ein gamal handelsstad i Ulstein kommune. Båtforskar og båtbyggjar Saxe Bjørkedal målte opp borda og utførte det interessante arbeidet, som resulterte i ein rekonstruksjon (modell) og fullt teikningsgrunnlag,komplettert av dr. philos Arne Emil Christensen. Det vart bygd ei jekt i full målestokk, vinteren 1999/2000. Denne fekk navnet «Anna Olava».

Sunnmørsjekta er Herøy kommune sin eigedom. Grunnlaget for å byggje ein kopi etter antikvariske retningsliner var klar. I møte på Herøy Kystmuseum, der mellom anna Saxe Bjørkedal og Arne Emil Christensen var tilstades, vart arbeidet godkjent som grunnlag for rekonstruksjonen. Styret for Herøy Kystmuseum starta arbeidet med innsamling av midlar. Etter at det var innsamla nok midlar til bygging av skroget, vart dette kontrahert og Sigurd Bjørkedal & Sønner fekk oppdraget.

Lyst til å være med å bidra? Last ned brosjyre for meir informasjon.

Kontakt:
Sponsoransvarlig Knut Strømsheim
M: 975 80 909
E: ks.promotion@online.no