Herøy Kystmuseum, Herøy

Kystmuseet ligg på ei lita øy ved kystleia, som ber namnet Herøy. Øya har hatt ein sentral plass i regionen i over 1000 år. Her var kyrkjestad med gildestove i middelalderen, tingstad, prestegard og handelsstad. Kyrkjeminne frå 1100-talet med gravplass. Museet i dag er den gamle handelsstaden, slik den vaks fram på 1800-talet med ulike bygningar, interiør, fiskereiskapar og båtar.

 

MEIR OM HERØY KYSTMUSEUM, HERØY