GODØY KYSTMUSEUM, GISKE

Russefugl

I mai- dagane 1945, etter at krigen var slutt, kom det ein tidlegare russisk offiser til Vigra. Han hadde sjølv vore krigsfange på Bjørnøya, og kom no for å finne grava til sin tidlegare medfange og ven. Venen var ein av krigsfangane som bygde fangeleiren på Vigra. Han hadde teke litt mat og som straff for dette vart han stengt ute i vinternatta og fraus i hel. Da den russiske offiseren kom til Vigra for å leita etter grava, vart Sverre Roald tilkalla for å hjelpe han. Dei to fekk god kontakt og som takk for hjelpa fekk Sverre Roald ei gåve. Ein "russerfugl" som russaren sjølv hadde laga i tida han var på Bjørnøya.

 

Ptitsa stsjastja er det russiske ordet for lukkefugl. I Nord-Russland har denne typen "treflis- fugl" vore eit symbol på familielukke sidan mellomalderen. Det finns ei legende om ein far som sit ved senga til den sjuke sonen sin. Og medan faren fortalte sonen om den komande sommaren med strålande sollys og vakre fuglar, hadde han ubevist spikka ein merkeleg fugleskapnad med ein fantastisk fjærpryd. Og når sonen såg fuglen som faren hengte over senga hans, trudde han det var ei lita sol og begynte straks å bli betre. Da den dyktige handverkaren fortalte denne historia til landsmennene sine, ønska alle å ha ein slik fugl i heimen. Og sjølv i dag trur folk at med ein slik fugl i huset, er heimen sikra hell og lukke.

Under 2. verdskrig vart ca 5 millionar sovjetiske soldatar tekne til fange på austfronten, av Tyske soldatar. Ca 100.000 ble sendt til Noreg som slavearbeidarar. For den tyske okkupasjonsmakta, var sovjetiske krigsfangar viktig arbeidskraft og vart sett til å byggje ut naudsynt infrastruktur som vegar, jarnbane og festningsanlegg. Dei fleste av desse fangane var russerar. Og over heile Noreg kor russerane var i fangenskap, har dei etterlate "russerfuglar". Tyskarane tillet russerane å utføre handverket, mot at dei fekk "kjøpe" fuglane i bytte med mat. Også tyskarane kalte dei "Glucksvogel", lukkefugl. Nordmenn gav fangarna mat igenom gjerdet i fangeleieren og fekk russerfugler eller anna handverk i byte. I Lindesnes er det sett opp eit stort monument over russiske krigsfangar som vart torpedert i 1942, Pax- monumentet. Og dette freds- monumentet er nettopp ein "russerfugl"

For mer lesing: Magne Hauglands:" Do svidanija - På gjensyn".