GODØY KYSTMUSEUM, GISKE

Curiosus

Arkeologi som fagfelt: Alt i Egypt på 800-tallet viste dei islamske historikarane interesse for egyptologi. Høgt utdanna kinesarar grov som amatør-arkeologar i dei kunstnarlege og teknologiske bedriftene til sine forfedrar.

 

Grunnleggjar av den moderne arkeologien, er tyskaren Johann J. Winkelmann (1717-1768). Han var spesialist på klassisk gresk og romersk kunst, og var den første som systematisk katalogiserte gjenstandane frå antikken i stilarter og tidsperiodar. Han gjekk metodisk til verks før han la frem sine teoriar om kulturane som hadde skapt gjenstandane. Napoleon tok ambisjonane vidare under felttoget mot Egypt i 1798. Han tok med seg fleire hundre forskarar og kunstnarar som skulle studere alle aspekt ved landet. Hieroglyfane ble tyda og den moderne egyptologien etablert.

Inndelinga i steinalder, bronsealder og jarnalder, altså «treperiode-systemet», er ein annan milepåle i historia til arkeologien. C.J. Thomsen lanserte dette systemet i 1836. Etter at naturvitskapen fekk framgang, blant anna på grunn av Darwins teoriar, fekk ein betre grep om lengda og alderen til historia. Det førte igjen til at utgravingsteknikkane vart meir systematiske og varsame.