DALSFJORD FYRMUSEUM, VOLDA

Kystverksmusea

Kystverkmusea er etatsmuseet til Kystverket. Museumsnettverket vart oppretta i 2008 med fire sjølvstendige museum: Lindesnes fyr, Jærmuseet, Stiftinga Sunnmøre Museum og Museum Nord. Kystverkmusea er eit kompetansesenter for dokumentasjon og formidling av Kystverket sitt ansvarsområde. Dette omfattar tidlegare Fyr- og merkevesen, Hamnevesen, Losvesen, trafikkovervåking og oljevernberedskap. Direktør på Lindesnes fyr, Jo van der Eynden, fungerer som koordinator for museumsnettverket.

 

Dei fire musea, som geografisk dekker det meste av landet, har prioriterte fagoppgåver. Lindesnes fyr har det koordinerande ansvaret i museumsnettverket. Museet fokuser særleg på overordna nasjonale og internasjonal kontakt og perspektiv. Elles følgjer museet opp i saker frå svenskegrensa til Åna-Sira.

Jærmuseet har eit fagleg fokus på losvesen og moderne trafikkovervaking. Jærmuseet er særleg kjend for sin kompetanse innan vitensenter, drift og formidling. I det daglege arbeidet er Tungenes fyr den avdelinga som følgjer opp arbeidet innan Kystverkmusea.

Stiftinga Sunnmøre Museum har eit særleg fokus på Fyr- og merkevesenet. Stiftinga Sunnmøre Museum har eit regionalt fokus på formidling. Det daglege arbeidet i Kystverkmusea vert følgt opp av Dalsfjord Fyrmuseum.

Museum Nord har eit særleg ansvar for dokumentasjon, formidling og kunnskap om Hamnevesenet, samt eit særleg ansvar for fotodokumentasjon. Det daglege arbeidet vert følgt opp av Lofotmuseet.

Kystverkmusea deltek i fleire ulike prosjekt, blant andre heftet Riksvei nr. 1, Tokt med Gamle Oksøy, biletspelet Glimt frå fyr, Losutstilling, dokumentasjon av hamner, fyr- og fyrbyggjar-utstilling i Dalsfjord, Flåværprosjektet, Maritimt kulturlandskap og Kystreise.no.

Kystverkmusea formidlar fagstoff via skriftserien Kystens veivisere. Følgjande titlar har kome ut:

Nr. 1 Lindanger, B. (red) 2009 Kystens veivisere 2008-2009.
Nr. 2 Ersland, B. A. 2010 Fyrbyggerne.
Nr. 3 Bjørklund, J.G. og Christensen, A.E. 2012 Peter Norden Sølling.            

Kystverkmusea sitt fellesprosjekt i samband med 2014-markeringa, er nettportalen, «Kystreise», her dokumenterer og formidlar musea maritim kulturhistorie.