DALSFJORD FYRMUSEUM, VOLDA

Fyret 1800-1900

Fyrbyggjarane frå Dalsfjord bygde også fyr/lykter på Svalbard og på Kolahalvøya. Fram til førstninga av 1900 talet, då motoren etter kvart vart montert i båtane, rodde og sigla dei kysten til endes med eigne båtar, "sunnmørsåttring". Dei reiste ut om våren og kom heim om hausten. Dei første åra vart arbeidet teke på akkord. For å makte dette, tok dei opp lån i banken og måtte stille med kausjonistar. Sidan har arbeidet i Fyr - og Merkevesenet nærast gått i arv frå generasjon til generasjon i bygdene i Volda og Ørsta. Av dokumentasjon finst det sjølvbiografiar, dagbøker med gripande kvardagsskildringar og arbeidsattestar m.m. heilt frå 1840 talet. Fyrmuseet har òg ei stor mengde biletmateriell, heilt tilbake frå slutten av 1800-talet.

UTSTYR

Dalsfjord fyrmuseum vart oppretta i 1993 og består også av ei stor samling av teknisk utstyr og verk ... les meir

FYRLYKT

Fyrlykta med oljebu er ei lykt frå kring 1900 og er ei gåve frå Kystverket. Ho vart reist i 1982 som ... les meir

MUSEUMSBYGG

Ei ny utstilling vart opna i november 2013 i nye lokale. Museet er bygd i bakkant av Dalsfjord skule ... les meir

DALSFJORD SOGELAG, BRUNE-BUDA

Dalsfjord fyrmuseum har eit nært samarbeid med Dalsfjord sogelag (Fjordmuseet) som m.a. har eigedome ... les meir

BÅTNAUST

Naust med fiskeutstyr og fleire robåtar. les meir

GARDSTUN

Korsfurtunet er eit verna lite gardsbruk frå kring 1860-70 talet. Det særmerkte ved dette tunet er a ... les meir

MEIR OM DALSFJORD FYRMUSEUM, VOLDA