BRUDAVOLLTUNET, ØRSTA

Tunet

Dagens Brudavolltun kom til i ei tid med endringar og rasjonalisering også i bondesamfunnet.

 

På Brudavollen plasserte ein alt som hadde med dyr og fôr å gjere under eitt tak. Og jamvel med gjødselkjellar under kufjøsen! Opplysingstida kom med gryande krav til betre sanitærforhold og medverka nok til at brudavollfolket plasserte fjøsane med husdyra eit stykke unna våningshusa og matbuda. Sentralt i tunet plasserte ein den store steinhella som vart brukt både som hagebord og til arbeidsplass.