BRUDAVOLLTUNET, ØRSTA

Kulturlandskapet

Brudavolltunet ligg høgt og fritt, sørvendt og i sunnmørsk målestokk, også solrikt.

 

Museumsområdet er på knappe femten dekar, delt på gamal slåttemark og beitemark i tillegg til sjølve tunet. Plasseringa i brytinga mellom kulturmark og natur gjer særleg fuglelivet i nærområdet rikt, og med hare og rev heilt inn i tunet.