BRUDAVOLLTUNET, ØRSTA

Husa

Brudavollhusa har stått om lag som no i snart 200 år. Unntaket er smia, som er flytta frå Pålgarden på Digernes i Ørsta. Stova har vore utsett for fleire på- og ombyggingar gjennom åra. Seinast etter andre verdskrig.

 

Stova
Stova, eller våningshuset, på Brudavolltunet har vore bygd på og endra fleire gonger sidan tidleg på 1800-talet. Tømmeret ber merke av at det har vore brukt før den tid og. Her budde husbondsfolket, og tenestetausa sov i det vesle kammerset ved inngangsdøra.

Kårstova
Til kårstova flytte kårfolket når ungefolket tok over garden. Det vi i dag kallar kårstova inneheld i tillegg til dei to kårstoveroma også det romet som opphavleg var eldhus. I eldhusdelen er det ikkje grue lenger, men bakstebordet er stadig i bruk. Og så steikjer ein i grua til kårfolket.

Buda
Buda, eller stabburet, er bygd på tradisjonelt vis med innbud, utbud, den såkalla gongja og loftet, der ein lagra kornet tørt og luftig. Budasålane lyfter huset frå bakken og hindrar musa frå konkurransen om matfatet. Det var stor skam å stø til dømes reiskap mot budaveggen og dermed gje musa alternativ tilkomst.

Brudavoll-løda
Brudavollåven vart truleg bygd i 1622, og er i dag freda. Først på 1800-talet, då dagens tun vart bygd, fekk låven fjøsar og gjødselkjellar av solide gråsteinsmurar å stå på. Låven er bygd i særleg fin tradisjonell vestlandsk grindkonstruksjon.

Truskarhjulhuset
Bak løda står det vesle truskarhjulhuset og vernar det viktige truskarhjulet mot ver og vind. Få år etter andre verdskrig var det slutt på korndyrkinga på nesten alle gardar i området og truskarhjul og -maskinar fekk kvile.

Smia
Smia er einaste bygning som er flytt til Brudavolltunet i moderne tid. Ho kom som erstatning for den smia som vart riven då det ikkje lenger var vanleg med smie på mest kvar gard. Dagens smie stod opphavleg i Pålgarden på Digernes, og er ei gåve frå Rigmor og Martin Furseth.