BRUDAVOLLTUNET, ØRSTA

Gardshistoria

Brudavollen vart truleg busett på slutten av 1500-talet etter å ha lege aude lenge. Garden var ei tid av dei største i gamle Ørsta.

 

Fyrste tunstaden ein kjenner til låg eit par hundre meter mot sørvest. På 1600-talet vart garden teken av skred og husa sette opp att på ny stad. Dagens tun er mest truleg bygd tidleg på 1800-talet. I 1950-åra vart tunet og nokre mål jord selt til museumsføremål. Resten av garden inngår no stort sett i moderne gardsdrift med nye eigarar.

MDCXXII - I DET AAR BLEF DENNE LAADE GIOR AF IISB. Initialane er Iver Jon Son Brudevoll

Brudavollfolk
Før som no har folk vore nøydde til å søkje andre levevegar eller nye stader for å livberge seg. Banda mellom heimegarden og dei utflytte var ofte solide og impulsane utanfrå og nyfikna gjorde at folket på Brudavollen gjerne var tidleg ute i si samtid. Frå Brudavollen kom mellom andre den fyrste sunnmøringen som vart nord-amerikanar for godt, og fyrste jordmora i gamle Ørsta kommune. Andre flytta til.

I ro: Sjølv om utferdstrongen nok var til stades, levde mange der dei var fødde heile livet, men dei vart ikkje hengande etter av den grunn. Ingeborg Nilsdotter Brudevoll (1832 - 1911) fekk ni born, og sørgde for at dei av dei som levde lenge nok, fekk utdanning. Sjølv var ho så glad i å lese at ho hadde boka liggande opa medan ho stelte borna sine, for å nytte tida i den travle kvardagen. Her sit ho i Brudavoll-hagen i selskap med tre døtrer og ein svigerson.

Ut: Eventyrar, plantasjeeigar og hærførar i Sør-Afrika, oberst Hilmar Theodor Bru de Vold. (1842 - 1912).

Til: Boksamlar, rosemålar og gardsarbeidar Johanes Iversen Pladsebakke (1811 - 1896), Veite-Johanes i det daglege, var gudbrandsdøl, men budde heile sitt vaksne liv saman med bøkene sine på Brudavollen.