BRUDAVOLLTUNET, ØRSTA

Brudavollhagen

Hagen vart anlagd av Nils Torkelson Brudevold, truleg i 1830-åra. Det skal vere ein av dei første hagane i Ørsta knytt til ein gard.

 

Nils T. verdsette hagen høgt og heldt på bruksretten til hagen også etter at svigersonen Ola Ivarson Brudevoll, fødd Barstad (ståande bakarst på biletet) tok over som brukar. Dette biletet frå hagen er mest truleg frå seint i 1870-åra.