BRUDAVOLLTUNET, ØRSTA

Ørsta Bygdemuseumslag

Ørsta bygdemuseumslag vart skipa 1951, og kjøpte Brudavolltunet i 1958.

 

Laget sette i stand og dreiv tunet som museum heilt fram til 2004. Den nye eigaren, Stiftinga Brudavolltunet, sitt styre vert stort sett valt av Ørsta bygdemuseumslag. Ørsta bygdemuseumslag arbeider for Brudavolltunet om lag som før og har mellom anna ansvaret for dei fleste større arrangement. Laget ynskjer også å aktivisere flest mogleg i musealt arbeid og ser gjerne at medlemsmassen veks. Ta gjerne kontakt på mail@brudavolltunet.no om du ynskjer å vere støttemedlem eller meir aktiv medlem.