YTSTE SKOTET, STORDAL

Ledig stilling som formidlar

Vi søker ein formidlar med utdanning frå relevante fag som kulturfag, naturforvaltning, naturbruk, friluftsliv m.m.

 

Regionsmuseet Musea på Sunnmøre har 40 tilsette, med hovudkontor i Ålesund. Museet forvaltar og formidlar kunst- og kulturarv på Sunnmøre.

 

Vi søker etter ein allsidig formidlar med spesielt ansvar for fjellgarden Ytste Skotet.


Ytste Skotet ligg på vestsida av Storfjorden i Fjord kommune. Garden representerar eit autentisk gardsmiljø frå midten av 1800-talet med våningshus, stabbur, utmarksløer, slåttemark og utmarksbruk. Det meste av gardsarbeidet vert gjort manuelt.


Musea på Sunnmøre forvaltar kulturlandskapet ilag med eigaren Storfjordens Venner, og har ansvar for formidling til forskjellige grupper i sommarsesongen og skjøtsel av kulturlandskapet. Om våren og hausten har vi besøkt av skuleklassar på overnatting. Vi har også museumssøndagar med ulikt innhald. Publikum får ta del i gardsdrift, hushald og skjøtsel av landskapet. Ein viktig del av formidlinga er å forstå korleis menneskeleg aktivitet pregar naturen ikring oss.


Vi ser etter ein formidlar som har

  • Utdanning innan relevant fag som kulturfag, naturforvaltning, naturbruk, friluftsliv mm, helst på masternivå
  • Forståing for planarbeid og gjennomføringsevne
  • Erfaring med praktisk arbeid
  • Erfaring frå arbeid med friluftsliv og gardsarbeid
  • Erfaring frå formidling til barn og unge
  • Erfaring frå arbeid med frivillige
  • Gode ​​samarbeidsevner og stå på vilje
  • Båtførarbevis og førarkort for bil klasse B.

 

Anna
Det vert lagt vekt på eigenskapar som passar til oppgåvene

 

Arbeidsstad
Arbeidsstad er Ytste Skotet i sesong og elles på avtalt arbeidsstad i Musea på Sunnmøre.

 

Om stillinga
Stillinga er 100%.
På grunn av arbeidet sin art vert det utarbeidd individuell arbeidsplan, og ein må rekne med meirarbeid i sesong

Stillinga er plassert i stillingskode 1434 -Rådgjevar. Alle tilsette er innmeldt i KLP.

 

Søknad
Send søknad med CV til ingvil@mupsu.no

Søknadsfrist: 23. februar 2020

Oppstart: Så snart som mogeleg

 

For mer informasjon ta kontakt med
Ingvil Eilertsen Grimstad
Direktør kulturhistorisk avdeling
Mob .: 917 69 356