Ytste Skotet, Stordal

Ytste Skotet ligg på vestsida av Storfjorden i Stordal kommune, på ei fjellhylle 225 meter over fjorden. Sjølv om garden er både veg- og straumlaus, er den likevel open for publikum heile sommarhalvåret. Det er matlaging på vedomn og grue, arbeid på åkeren, vedkløyving, stell av dyr og pleie av kulturlandskap. Du kjem deg til Ytste Skotet anten med båt over fjorden eller til fots over fjellet frå Ramstaddalen.

 

MEIR OM YTSTE SKOTET, STORDAL