SYKKYLVEN NATURMUSEUM

MOSAIKK

Utstillinga viser korleis plantar, dyr og fuglar skapar ein fantastisk mosaikk i det storslåtte naturlandskapet vårt, der alle brikkane er viktige. Her får du ein liten smakebit frå nokre av dei mange brikkane:

 

ISEN SMELTAR
Den store istida var slutt, og for ca. 14 500 år sidan vart sunnmørskysten isfri.

Men det var framleis kaldt, om lag slik det er på kysten av Svalbard i dag. Så for 11 500 år sidan steig temperaturen brått, og breane smelta raskt attende innover fjordane.

Storeggaraset
Smeltevatnet frå dei store isbreane frakta enorme mengder lausmasser ut i havet, der dei vart avsette i mange lag. For 8150 år sidan rasa lausmassane ut, og ei stor, stor bølgje skylte innover land. I utstillinga kan du sjå ein animasjon av hendinga. 

 

STORE OG VIKTIGE VÅTMARKAR
«Ramsar-konvensjonen» er ein internasjonal avtale for vern av store og viktige våtmarksområde.

Ramsar-områda skal utgjere eit representativt, sjeldsynt og unikt våtmarksområde eller vere leveområde for trua artar i heile eller delar av livssyklusen deira. Det er 63 ramsar-område i Noreg, og 5 av desse finn vi her i fylket vårt; Runde, Giske, Harøya, Sandblåst / Gaustadvågen og Melandsvågen.

Våtmarkssystem i fjordlandskapet
Mange dyre- og planteartar er avhengige av intakte våtmarksområde heile eller delar av livet sitt. Vågosar er typisk for kystvassdrag som munnar ut i trange vågar med ein gradvis overgang mellom elv og sjø. Skiftingar mellom flo og fjøre skaper svært næringsrike område for eit yrande fugleliv. Her finn vi mellom anna gråhegren og tjelden.

Mellomstore elvar med fossekall og elvemusling
Aureelva i Sykkylven er eit våtmarkssystem i fjordlandskapet der vi finn både den norske nasjonalfuglen, fossekallen, og den sterkt truga elvemuslingen.

 

DEN ARTSRIKE SKOGEN 
Næringstilgang er avgjerande for utbreiing av både plantar, dyr og fuglar.

I blandingsskog, som ligg i sørhellingar, er det gode næringstilhøve for mange artar, mellom anna barlind. Sunnmøre ligg på nordgrensa for kvar barlind kan vekse. I varmekjær blandingsskog er det gode tilhøve for ekorn, mus og nøtteskrike - artar som lever av nøtter og frø.

 

Å HENTE HEIM RESSURSANE FRÅ UTMARKA
I det tradisjonelle haustingsjordbruket beita husdyra i utmarka i sommarhalvåret, og i vinterhalvåret vart dei fôra med høy, skav, lauv, mose, tang osv.

Haustlauv brukte dei til strø i båsane. Fôrressursane var særleg viktige heilt fram til ein la om frå kornproduksjon til grasproduksjon på innmarka. Dette skjedde i løpet av femtitalet. Sætra var sommargardsbruket for dei fleste her.

 

BJØRNEN BLIR BORTE FRÅ VESTLANDET
I første halvdel av 1800-talet vart det årleg skote over 200 bjørnar i Noreg.

I 1846 vart det betalt ut fellingspremiar for 29 bjørnar berre i Møre og Romsdal. Heilt fram til 1919 vart her årleg skote 10 - 20 bjørnar. I 1924 vart den siste bjørnen skote. Og med den vart den sørnorske bjørnestammen borte.

 

TI UGLEARTAR
I Noreg har vi ti hekkande ugleartar. Sporveugla er den minste og hubroen den største.

Elles finst kattugle, perleugle, haukugle, hornugle og jordugle. Lappugle og slagugle er sjeldnare og held til i barskogområda på grensa mot Sverige og Finland. Den siste arten – snøugle – er ein tundra-art som først og fremst hekkar i Finnmark.

Dagaktive ugler i våre område er haukugle, jordugle og sporveugle. Kattugle, perleugle, hornugle og hubro er nattaktive. I tida etter solnedgang og fram til det vert mørkt, kan ein høyre nattaktive ugler rope. Dette kallar vi «ugletimen».

SKOGSFUGLEN I VANSKAR
På Sunnmøre finst storfugl (tiur og røy) og orrfugl (orrhøne og orrhane).

Bestandane svingar naturleg i takt med smågnagar- og rovviltbestand. Det har likevel vore ein jamn nedgang av begge artane sidan 1960-talet. Dette skuldast i hovudsak menneskeleg aktivitet som uroar fuglane, øydelegging av leveområda (store hogstflater), og endra bruk av utmark med attgroing som eitt resultat.

 

ROVVILT - KONFLIKT OG ANSVAR
I dag er dei store rovvilt-artane totalfreda.

Gaupe, jerv, bjørn og ulv er dei største rovdyra som lever i fastlands-Noreg, og kongeørn er vår nest største rovfugl.

Forsking og undersøkjingar har gitt kunnskap om tilhøva mellom rovvilt og byttedyr, og ei forståing for at rovvilt har ein plass i samspelet i naturen. Det er vårt ansvar å ta vare på desse viktige brikkene i naturen.

 

ULV SKOTEN 5. JUNI 2014 VED SÆSSVATNET
Den eitt år gamle ulven frå Tiveden-reviret i Sverige gjekk 600 km (luftlinje).

Ulven var avkom etter eit ulvepar av finskrussisk avstamming, og er svært viktig for å redusere vidare innavl. Ulven drepte 18 sau og lam på sin veg frå Tiveden til Sykkylven, og vart felt på skadefellingsløyve.

 

STORE UTFORDRINGAR FOR LIVET I FJELLET
Ikkje mange plantar, fuglar og pattedyr greier å tilpasse seg livet i høgfjellet.

Den næringsfattige gneisen i berggrunnen og ekstreme klimatilhøve, gir alle livsformer utfordringar. Der årer med glimmerskifer og glimmergneisar skjer gjennom landskapet, vert jorda meir næringsrik og artsmangfaldet aukar.

 

ISTIDSLANDSKAPET I SUNNMØRSALPANE
Gjennom 3 - 4 millionar år har mange istider forma det særeigne landskapet vi ser rundt oss - Sunnmørsalpane.

Under istidene låg innlandsisen heilt ut til havet. Isen forma dei særeigne fjordane våre, djupe fjordbotnar som er grunnare ytst mot havet. Breane har grave ut botnar på fleire sider av fjellet og danna det særeigne alpine landskapet vi ser rundt oss.

I dag ser vi at breane minkar raskt, og står i fare for å smelte heilt bort dersom det milde klimaet held fram over tid.