SYKKYLVEN NATURMUSEUM

Aktivitetar

Ikkje berre "sjå og høyre", men også "gjere og lære"!

 

I utstillinga vår får store og små både "sjå og høyre" - i tillegg til å "gjere og lære", om ein vil det. Her finn du ulike aktivitetar - av ulikt slag, for ulike interessar og for ulike behov.

AKTIVITETSROM
I aktivitetsrommet «Gjer(d)esmetten» er det lagt til rette for ein liten verkstad med formingsaktivitetar som varierer gjennom året. Det kan vere alt frå å lage kongledyr og papirugle til flaggermus og blåskjellsmykke m.m.

 

Bli med på NATURQUIZ!
For den som er vitelysten er det alltid ein aktuell quiz med spennande spørsmål.

 

"ISBLOKKA"
Inne i naturmuseet kan små og store krype inn i isblokka, setje seg på eit selskinn og lese om fjellreven, jerven, ekornet eller berre slappe av.