SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Visuelle nabolag

Velkommen til utstillingsopning! Nasjonalmuseet si vandreutstilling «Visuelle nabolag» kjem til Sunnmøre Museum – med opning søndag 9. juni kl. 13.00.

 

Kan ein stille ut masseproduserte gjenstandar saman med unike kunstverk i ei og same utstilling? Vandreutstillinga «Visuelle nabolag» ønskjer å gi eit skråblikk på Nasjonalmuseet si samling ved å vise til uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur.

For å tydeleggjere desse likskapane har ein hengt ulike typar verk på følgande tematiske knaggar: «Kunst og kamp», «Kunst og konsum» og «Kunst og Kongerike».

Kunstnarar representert i utstillinga er mellom anna Andy Warhol, Peter Opsvik, Hans Gude, Stiletto, Kåre Kivijärvi, Helen & Hard og Per Kleiva.


Dette seier Nasjonalmuseet om utstillinga: «Nasjonalmuseets samling består av vidt forskjellige disipliner som skulptur, arkitekturskisser, møbler, video, kunsthåndverk, foto, grafisk formgiving, maleri, tekstil og industridesign. Men hva skjer når man setter slike ulike kunstneriske utrykk og medier opp mot hverandre i en og samme utstilling, i et nabolag? Visuelle nabolag utfordrer publikum til å utforske uventede møtepunkter mellom kunst, design og arkitektur i en regi som ansporer til nye kunsthistorier. Gjennom ufrivillige likhetstrekk mellom ulike medier eller tematiske kontraster ønsker vi å vise hvordan kunsten fra forskjellige epoker kan speile museets historie og samfunnet vi lever i dag.»

 

Kurator: Thomas Flor

 

TILBOD TIL SKULEKLASSAR
Spennande, kreative og lærerike formidlingsopplegg er knytt til utstillinga. Passar alle alderstrinn! Ta kontakt med museumspedagog Jan Kåre Blindheim for meir informasjon og avtale: jan-kare@sunnmore.museum.no

 

 

Utstillinga kan nytast fram til siste del av september 2019.