SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Sunnmøringen

Ei annleis utstilling - med eit humoristisk skråblikk på sunnmøringen.

 

«Mangt og mykje er sagt om sunnmøringen - gründer, nøysam og glad i pengar, kjend for å vere både smålåten og brautande (…) Ein from råtass, høgrøysta og direkte, slik ein må vere når ein skal kommunisere gjennom haglbyer og stormvêr» Frå introduksjonen av utstillinga.

Ta turen oppover trappegangen på museet og bli betre kjent med sunnmøringen. Og er du sunnmøring sjølv - ja så kjenner du deg kansje att i både ord og bilete. Utstillinga er rikt illustrert av VG-teiknar og sunnmøring Roar Hagen. Og som ein siste del av utstillinga kan du ta den uhøgtidlege "Sunnmørstesten" og stemple ditt eige "Sunnmørspass" med "Godkjent sunnmøring".

Som ein del av utstillinga kan du også sjå "filmen" om den driftige sunnmøringen, heilt frå tidlege tider fram mot nyare tid - også denne ført i penselen av Roar Hagen.