SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Utleige

I vår- og sommarmånadane tek du med deg gjestane dine på ein lunsj- eller kveldstur med vikingskipet Borgundknarren, og får samtidig oppleve vakre Ålesund frå sjøsida. Gjere noko saman før julestria tek til? Kva med å tilby dei tilsette eit lefsekurs på museet? Ein "matnyttig" aktivitet på alle måtar. Dette og mykje anna kan du og dine gjester oppleve på Sunnmøre Museum. Kontakt oss - så finn vi på noko spennande saman!

 

Har du lyst på ein rotur? 
Ta med venner eller familie og utforsk fjord og øyar i nærområdet. Hos oss kan du leige robåt og vestar. Vi har to båtar, Leia og Linge, til utleige. NOK 200 for turen, berre du er tilbake klokka 15:45.  Henvend deg i resepsjonen for informasjon og leige.

MUSEUMSKAFEEN

Kafeen leigast ut til ulike bedriftsarrangement og har plass for inntil 100 personar. I tillegg til ... les meir

YTTERLANDSTOVA

Ytterlandstova er eit romsleg hus frå Valderøya med stor eldstad, opphaldsrom, kjøkken og storstove. ... les meir

MIDDELALDERMUSEET

Formidlingsrommet på Middelaldermuseet tek inntil 35 personar, og passar fint også til konfirmasjon, ... les meir