SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Kva skjer på museet i sommar?

I TIDA 22. JUNI - 23. AUGUST

 

 

I TIDA 22. JUNI - 23. AUGUST

 

Aktivitetar, omvising, forteljarstund, ut å ro eller ein rusletur i tuna og utstillingane på eigahand. Også denne sommaren er det liv å røre på museet - om enn med god avstand til kvarandre. Avslutt gjerne med ei svele, ein is eller noko anna godt i vår museumskafe!


MANDAG, TYSDAG, TORSDAG, FREDAG og LAURDAG gir vi deg litt ekstra historiepåfyll!

Kl. 12.00 Omvising i hus og tun eller båthallen (varierer)

Omvising i hus og tun
: 
Vår formidlar tek deg med på ei vandring i tuna som tek for seg kvardag, arbeidsliv, matstell, hygiene og byggjeskikk frå 15-1600-talet og fram til rundt 1900. Passar for både store og små.

Omvising i båthallen og på brygga:
Bli med på ein tur i våre forfedres kjølvatn. Ei vandring i museet si unike båtsamling, frå jernalder til moderne tid. Passar for både store og små.


Oppmøte ved «Paviljongen». Omvisinga er inkludert i museumsbilletten.

 

Kl. 14.00 på Middeladermuseet
Omvisning om middelalderbyen som forsvann. Vår formidlar fortel om arkeologiske funn og kirkeruinar i Borgundkaupangen. Passar for både store og små.

Oppmøte på Middelaldermuseet. Omvisinga er inkludert i museumsbilletten.

 

KVAR ONSDAG I SKULEFERIEN kl. 12 og 14
Musikkforteljarteater i Åkre bedehus! Få med deg dei forrykande forestillingane «Dei ville svanene» og «Bestefar og sønnesønn». Inngang i tillegg til museumsbilletten, Vaksen kr 50 og barn kr 30. Kjøpast saman med museumsbilletten.

 

Har du lyst på ein rotur?
Ta med venner eller familie og utforsk fjord og øyar i nærområdet. Hos oss kan du leige robåt og vestar. Vi har to båtar, Leia og Linge, til utleige. NOK 200 for turen, berre du er tilbake klokka 15:45.  Henvend deg i resepsjonen for informasjon og leige.

 

… og KVAR DAG kl. 11-15 er det aktivitetar på området for alle barn - og barnslege vaksne! Få kart over området i resepsjonen saman med museumsbilletten.