SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Potetkake

Laga av poteter

 

Har du potetrestar etter middagen? Lag potetkaker! Fort gjort og smakar kjempegodt - spesielt med smør og sirup.

Ingredienser 
1/2 kg kokte, skrella poteter
1/2 ts salt
ca 1 1/2 dl kveitemjøl

Fremgangsmåte
Mos potetene med ein gaffel, ei kvern eller ein food processor. Tilsett salt og elt inn mjølet. Deiga skal være litt klissete. Lat den gjerne kvile i 20 minutt før du kjevlar ut og steikjer kakene på takke eller i ei tørr, varm steikepanne (Om du legg litt mjøl i steikepanna og mjølet blir lysebrunt etter eitt minutt, er panna passe varm).