SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Hardingar

Til ca 14 stk

 

Ingredienser
7 ½ dl kveitemjøl
150 gram margarin
150 gram sukker
½ liter kulturmjølk
1 ½ ss lys sirup
½ ts bakepulver
½ ts natron
2 ts hjortesalt
250 gram kveitemjøl

Fremgangsmåte
1. Ha i mjølet i ein stor bakebolle og smuldre godt inn margarinen. Tilset sukkeret.
2. Bland sirup, bakepulver, natron og hjortesalt i kulturmjølka.
3. Rør godt saman det tørre (1) med det våte (2)
4. Ha i 250 gram kveitemjøl og kna deigen godt saman.
Tilset om lag 50 gram ekstra kveitemjøl, slik at du får ein deig som ikkje er for blaut – men heller ikkje for fast.

Trill ut ei pølse av deigen. Veg opp kvart emne, slik at dei vert 118 gram. Trill kvart emne ut til ein sprekkfri bolle på bordet. Klapp bollane litt saman og legg dei under plast. Når du tek fram eit emne, så dypp det i breiemjølet (kveitemjøl). Ha mjøl over og under heile emnet. Form emnet litt større i handa. Dryss mjøl på bakebordet og kjevl forsiktig med rutakjevle. Strø litt mjøl oppå leiven også. Snu leiven ofte i starten. Takka /varmen skal stå på 6,5. Skal steikjast på begge sider. Legg lefsa på eit vått handkle. Spray ho med vatn. Legg eit handkle over. Er du heldig, kan du legge fleire lefser oppå kvarandre utan handduk imellom. Er det mykje mjøl på lefsa, må du legge våt handduk mellom kvar lefse du dynkar. Oppskrifta er nytta på museet sine årlege lefsekurs.