SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Sommarens aktivitetsdagar

Velkommen til spennande og lærerike aktivitetsdagar for små og store - kvar onsdag kl. 12-16 i skuleferien, frå og med 24. juni til og med 12. august.

 

Prøv deg på ”arkeologisk utgraving”, lag brød på bål, test fiskelykka frå bryggekanten, løys museumsquiz, snekre småbåt, kast kasteline, utfordre til spelkamp, gå på styltre, ro færing og mykje meir! Kjøp vaflar i Larsnesbuda - godt for den som vi ha litt å tygge på innimellom aktivitetane. Ope museumskafe med salg av pølser, is, sveler og anna godt.

Tur med Borgundknarren
Kvar onsdag kl. 13, 14 og 15 kan du òg bli med på tur med vikingskipet Borgundknarren. Billettar kjøper du i resepsjonen og kjem i tillegg til inngangsbilletten. Turen kostar kr 50 for voksne og 30 for barn.

Forteljarstund
Også i år vert det eventyr som fengjer både små og store! Meir informasjon kjem! 

 

Vi gler oss til å sjå deg i sommar!