SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Sommarens aktivitetsdagar

Velkommen til spennande og lærerike aktivitetsdagar for store og små - kvar onsdag kl. 12-16 i skuleferien, frå og med 27. juni til og med 15. august.

 

Ta turen med vikingskipet Borgundknarren kl. 13.00, 14.00 og 15.00, prøv deg på ”arkeologisk utgraving”, lag brød på bål, prøv fiskelykka frå bryggekanten, løys museumsquiz, snekre småbåt, kast kasteline, utfordre til spelkamp eller gå på styltre, ro færing og mykje meir!

NYTT AV ÅRET!!!
"Forteljar-musikk-teater" i Båthallen kl. 14.00 og 15.00, bogeskyting i utstillinga i 2. etg, lag "heimelaga" pil og boge, besøk "Martijn Smed" i Flydalsmia, spel bondesjakk og mølle, handle fiskekaker, spissposar med smågodt og "klubber" i Larsnesbuda.

VI GLER OSS TIL Å SJÅ DEG I SOMMAR!