SUNNMØRE MUSEUM, ÅLESUND

Sunnmøre Museumslag

Sunnmøre Museumslag er museet si veneforeining. Du kan vere aktivt medlem eller støttemedlem. Som aktiv medlem får du ta del i kulturarbeid i tillegg til kontakt med eit triveleg miljø.

 

Du kan sjølv velje om du vil vere med på ein eller fleire aktivitetar gjennom året:

• Delta på dugnader (to gongar per år)
• Delta på arrangement (til eksempel Middelalderfestivalen, Den store Familedagen, Førjulssøndag)
• Vere med som ekstrahjelp i museumskafeen, når museumslaget held søndagsforedrag (4-6 gongar per år).

Om der er andre ting du har lyst til å bidra med på museet, delta i ryddearbeid, hjelpe til som omvisar, vere tilkallingshjelp i museumskafeen eller har andre ønskje, så høyrer vi veldig gjerne i frå deg!

Kva skjer?
Alle medlemmar i Sunnmøre Museumslag får med jamne - og ujamne - mellomrom informasjon om kva som skjer her på museet, sendt pr. e-post. Dette er informasjon om aktivitetar, arrangement, foredrag og andre spennande hendingar. Er du allereie medlem? Send oss e-postadressa di til museumslaget@sunnmore.museum.no og du får tilsendt informasjonen «Kva skjer?» du også!

Som medlem får du òg
• Gratis inngang til Sunnmøre Museum (gjeld ikkje familiesøndagar og andre spesielle arrangement.)
• Gratis inngang på søndagsforedrag i regi av museumslaget.
• 10 % rabatt i museumsbutikken.
• Invitasjon til spesielle medlemsarrangement.
• Årleg utgåve av medlemsbladet Gavlen.

Pris for medlemskap
• Enkeltmedlem kr 300
• Familiemedlem kr 400

Innmelding
Send ein e-post til museumslaget@sunnmore.museum.no

Velkommen!